Dametreff på Dønna

  • Foto: Linda Kleiven

  • Foto: Bitten Pigato

Janet Lui fortalte fleire erfaringar ho har hatt med bønnesvar og nær vandring med Gud.

Den første helga i september i fjor var Adventistkirkens kvinner på Helgeland samla til dametreff på Dønna. Då bestemte vi at vi ville gjera det opp att dette året også. Som sagt så gjort, og vi fekk besøk av Janet Lui frå California. Det var 13. gongen ho vitja Norge. Vi vart ikkje skuffa denne gongen heller.

Vi var 15 påmelde damer. Folk frå Mosjøen, Mo i Rana, Sandnessjøen, Brønnøysund, Nesna, Hadeland og Sandefjord var samla på den fine staden ved sjøen. I Tillegg kom ei ung dame frå Estland, no heimehøyrande på Herøy med mann og barn. Ho var med oss ei stund på sabbatsdagen.

Maten var upåklageleg i år som i fjor. Ein kokk opprinneleg frå Thailand laga førsteklasses vegetarmat til oss. Den var spennande og godt krydra. Godt med noko anna enn traust norsk mat innimellom. Sabbatsettermiddag hadde vi festmiddag. Etter middagen fekk vi servert bløtkake laga av ein mann frå Etiopia. Så her var det internasjonalt.

Vi gjekk tur i lag på ettermiddagen. Det sveiser oss også godt i hop og gir oss nok frisk luft til å ta inn meir åndeleg mat.

Det var det som var det viktigaste på samlinga. Janet hadde som vanleg bønn som tema. Ho fortalde litt om bakgrunnen sin først til dei som ikkje kjenner henne frå før. Ho hadde teke farvel med Gud i lag med mannen sin då dei gifta seg. Dei var begge oppfostra som adventister. Ho var døypt då ho var ung. Men det som sat i var doktriner, og no var dei begge leie av det. Etter at ho hadde fått to barn, kom likevel trongen til å bli kjent med Gud att. Ho hadde det travelt som småbarnsmor. Ho gjorde ein avtale med Gud om at han måtte hjelpe henne å finna ei tid på døgnet der ho kunne vera i lag med han. Klokka 1 kvar natt vekte han henne og ho stiltra seg ned i hallen der ho las Slektenes håp og gret kvar gong. Slik byrja ei lang reise med Gud og Frelsaren Jesus Kristus.

Ho ber mykje om at Den heilage ande skal leie ho i det ho gjer. Vi fekk høyra fleire erfaringar ho har hatt med bønnesvar og nær vandring med Gud. For oss var det ekstra interessant å høyre soga om då ho var i Sandnessjøen i byrjinga av 2000 talet og skulle gå gjennom gågata der. Ho fekk for seg at ho måtte skaffe ei kake og ein bukett blomar. Ho visste ikkje kva ho skulle bruke det til. Terje Bjerka var noko skeptisk, men la gå, ho fekk då handle. Så for dei til Hjørdis Pedersen, ei fantastisk dame i menigheten vår som døydde for 10 år sidan. Der viste det seg at dottera hennar var der og fylte 40 år den dagen. Då skjøna Janet kvifor Gud hadde bedt henne handle. Så nær Gud kunne vi alle ynskja at vi var. Janet bad oss skrive ned ting vi lurde på om bønn. Vi så gjorde, og dagen etter svara ho ut frå Bibelen på noko av det. Vi fekk kloke svar. Lidinga i verda kjem av kampen mellom det vonde og det gode. Gud ser lenger enn oss. Han har mange som skal ha eit svar. Han har mange omsyn og overvegingar han må ta.

Janet delte ut små kort som vi kunne fargelegge mens ho snakka. Det var nytt og annleis, men triveleg. Vi kan minnast helga kvar gong vi ser på korta i Bibelen vår.

Om kvelden kunne vi etter kokken sine mange timar med vedfyring for å varme opp badestampen, gå uti den for eit varmt godt bad utandørs. Der sat vi medan latterdøra gjekk opp på vid vegg. Det var ein triveleg time som førebudde oss på ei god natts svevn.

Mange gode nære samtalar og kjekt samvær hadde vi. Noko som er ein luksus det er lurt å unne seg innimellom.

Søndag føremiddag gjekk Linda Kleiven gjennom Fadervår med oss. Vi fekk utdjupa bøna og sjå inn i kva som låg i kvar bønn. Forlat oss vår skuld som vi og forlét våre skuldmenn er ofte den mest utfordrande bøna å be. Den stansa vi ein del ved, ikkje så rart det. Vi har vel alle fått våre harde dultar som ikkje er så lette å koma over. Men det er ei hjelp i dette å tenkja på at Jesus tilga alle menneske alle synder. Då må vi og tilgi synd gjort mot oss.

Evalueringa førde til at vi bestemte oss for å gjera det opp att neste september. Vi gler oss allereie. Takk til Liljan Wollan og Janet Lui som tok vegen til Helgeland.