Lukk
Foto: Tor Tjeransen/Adventist Media Exchange (CC BY 4.0)

Dette engasjerer oss i Mosjøen Adventistmenighet

Vi er med på ting som vi med godt samvit kan vera med på.

I Mosjøen har vi vore så heldige å få vera med i eit samarbeid med andre menigheiter i lang tid. Det byrja med at pastorar som var her for over 30 år sidan vart med i pastorringen. No kallar vi det leiarforum.

For nett 20 år sidan starta dei opp med fengselsarbeid. Det var pinsemenigheten og Den katolske kyrkja som sette det i gang. Vi i vår menighet kom fort med. Det er slik at kvar menighet stiller med eige mannskap 5- 6 gonger i året. Då har vi med kake og is. Vi har ein quiz som dei innsette tek ivrig del i. Til slutt har vi andakt og bønn. Det er svært gjevande å få lov til å vera med på dette. Vi har fått mange spørsmål og mange som seier takk for at vi kom. Vi kjenner oss velkomne både av ansatte og innsette. I det minste 6 medlemmer har vore med på dette arbeidet gjennom åra. Vi ser på det som eit privilegium å få lov å gi dei som er komne skeivt ut noko positivt, Guds ord inkludert.

Vi har og vore med på å dele ut gåver før jul i mange år. Vi har steikt vaflar og gitt til folk. Først stod vi ute på torget i mange år. Etter kvart trekte vi inn i det største kjøpesenteret i byen. No stiller vi opp med utdeling av Guds ord og gode samtaler på torget att om hausten, vaflane er ikkje utegløymt. Der blir det kvart år arrangert noko som heiter Tiendebytte. Dette er ein av Norges eldste marknader med tradisjonar fleire hundre år bak i tid. Vi er med på ting som vi med godt samvit kan vera med på.

Sidan vi er med i nemnde leiarforum, er vi også med på fellesmøta i januar. Tre gonger har Adventistsamfunnet fått ha talaren på desse møta. Det skulle vi hatt i år, men det vart utsett til neste år.  Finn Myklebust har teke del 1 gong, Reidar Johansen Kvinge 2 gonger med den tredje gongen på vent til 2022. Det har vore godt motteke kvar gong.

Ein annan ting som vi har vore med på lenge, heilt sidan 1983 er andakter i avisa. Det var Karl Martinussen som i si tid tok initiativa til at vi skulle få vera med på det. Det var ikkje sjølvsagt for så lenge sidan at vi skulle få lov til det. I snart 40 år har vi fått lov til å skrive andaktar til det som no heiter Helgelendingen. Mange pastorar som har vore her har teke del i det. Elles er det Linda Kleiven, Miriam Kleiven og underteikna som har fått lov til å gi vårt i dette arbeidet.

Dette er ting vi har sysla med gjennom åra. Vi held koken etter beste evne og med Guds hjelp vidare.  Vi vonar at det skal bera god frukt for Guds rike.

Tilbake til nyhetsarkiv