Ingenting tek bort gleda med å møtast i Guds hus.
For snart to år sidan kom tre flotte menneske til Mosjøen. Dei kom frå ein flyktningeleir i Uganda. Opprinneleg er dei frå Kongo. Som vi kjenner til, er det mykje uro og krig i Kongo. Krigen der handlar for ein del om kamp om rike naturressursar. Og krig går som vi veit ut over einskildmenneske. Far Eliya, mor Violeta og dotter Magisha bur nå i ei leilegheit litt i utkanten av Mosjøen. Far og mor går på norskkurs og har etter kvart lært seg mykje norsk. Magisha går på Kippermoen ungdomsskule i 8. klasse. Ho er også keeper på eit lokalt fotballag. Ho ville ikkje spela kamp på sabbaten, og sette på den måten ein standard for trua si.
Frå første stund ville dei finne ei adventistkyrkje å gå i. Han har vore leiar i kyrkja vår der dei kom frå. Og vi har ynskt dei velkomne frå første dag. Det er veldig kjekt å få tilskot til kyrkjefamilien vår. Vi er ikkje så mange, så dette er alle tiders for oss. På sabbatskulen tek dei del med å lese vers frå kvar sin norske bibel. Dei er smilande og blide når dei kjem til i kyrkja. For å koma dit, syklar eller går dei, og det i allslags ver. Dei kan nok syns at det er små forhold hos oss samanlikna med der dei kom ifrå. Der møttest dei til songøvingar og song i kor i tillegg til samlingane i kyrkja på sabbats føremiddag. Der var ofte alle i ein familie med i kyrkja. Vi er nok meir individualistiske her nord.
Det er kulturelle skilnader mellom oss. Men det tek ikkje bort gleda med å møtast i Guds hus, og takke Gud for alt det gode han har gjort for oss. Magisha undra seg over at ingen i klassen vil vera med henne i kyrkja. Det verkar som nordmenn ikkje har bruk for Gud. Det er nok ikkje lett å skjøna for ein ung afrikanar som kjem frå land der folk verkeleg gir uttrykk for at dei treng Gud i kvardagen sin. Her har vi alt, men det er også alt vi har, seier ein norsk tekstforfattar. Det hjelper bare så lite når vi ikkje har det viktigaste, nemleg fellesskapet rundt Guds ord og det Jesus har gjort for oss. Vi vonar at familien får vera her riktig lenge, og at dei kjem til å trivast godt i Mosjøen.
Hver uke sender vi ut et nyhetsbrev med informasjon og nyheter fra inn- og utland. Hold deg oppdatert på det som skjer i Adventistkirken!
Syvendedags Adventistkirken
Den norske union
Postboks 124
3529 RØYSE
Tlf.: + 47 32 16 16 70
Epost: post.dnu@adventist.no
Om Syvendedags Adventistkirken
Velkommen til den offisielle websiden for Syvendedags Adventistkirken i Norge. Adventistkirken, som vi kalles i dagligtale, er en verdensomspennende, protestantisk frikirke med om lag 20 millioner voksne medlemmer. I Norge er vi ca 4 500 medlemmer fordelt på 56 menigheter fra nord til sør.
Vi håper at du kommer til å bli bedre kjent med oss og det vi står for, mens du bruker disse sidene.